Parken kulturhus

Aalesund Operakor // Good & Evil

Musikalske høgdepunkt frå "Phantom of the opera", "Jekyll & Hyde" og "Wicked"Hovedbilde, Ålesund Operakor - Good & Evil - Klikk for stort bilete

Dato
29. oktober 2022
Tid
18:00 - 20:00
Stad
Parken kulturhus

Kjøp billett

”Are people born wicked, or do they have wickedness thrust upon them?”

Aalesund Operakor presenterer «Good & Evil», ei framsyning satt saman av utdrag frå dei store musikalane «Phantom of the Opera» – skrive av Andrew Lloyd Webber, «Jekyll & Hyde» – skrive av Frank Wildhorn, og sist, men ikkje minst, den magiske musikalen «Wicked» - skrive av Stephen Schwarz. Det blir den aller første oppføringa av «Wicked» spelt i Norge nokon gong! Den er allereie ein «nr 1 box office hit» på Broadway, og har selt fulle hus sidan 2003.

Den raude tråden i framsyninga er dei to trekka ved mennesket sin natur – det gode og det vonde – og korleis desse to motsetningane formar oss som personar, avhengig av kva for eit karaktertrekk som får lov til å dominere.

Med oss på laget har vi fått dei flotte solistane Stephen Brandt-Hansen frå Trøndelag, Stine Hole Ulla frå Sykkylven, og koret sin eigen songsolist Lillian Bigton Nygård. På instrument har vi eit samansett orkester av berre lokale musikarar, og til å framføre fortryllande dans har vi fått med oss talentfulle dansarar frå Ålesund VGS Fagerlia. 

Vi vil fylle Kulturhuset med heimsøkande utdrag frå den gotiske musikalen «Phantom of the Opera», med solist Stine Hole Ulla i rolla som Christine, den unge, lovande songarinna som Operafantomet (Stephen Brandt-Hansen) har lagt sitt svoltne, inspirerte auge på.

Så kjem den mørke musikalen «Jekyll & Hyde», der solist Stephen Brandt-Hansen vil fortelje historia om den høgt respekterte Dr. Jekyll, som er besett av tanken på å kunne skilje det gode frå det vonde i mennesket, for så å kunne eliminere all vondskap frå verda. Gjennom å eksperimentere på seg sjølv slepp han utilsikta laus ein indre demon, og han blir forvandla til den skruppellause mordaren Mr. Hyde.

I musikalen «Wicked» tek vi deg med til det vedunderlege landet Oz, der heksene Elphaba og Glinda – spelt av Lillian Bigton Nygård og Stine Hole Ulla – er rake motsetningar. Medan den populære Glinda brukar sine magiske evner til å gjere berre gode gjerningar og blir omtala som «The Good Witch of the South», mislukkast Elphaba med å få til det same, og ho endar opp med å få tittelen «The Wicked Witch of the West».

Vi har som mål å lage eit forrykande show som vil stimulere alle sansar.
Velkomen til konsert!

Andre tidspunkt

  1. Laurdag, 29.10.2022 18.00 - 29.10.2022 20.00
  2. Søndag, 30.10.2022 18.00 - 30.10.2022 20.00